Vinden riv i gamal mur
Stien opp har snart grodd att
Nedbøren er kald og sur,
men plagar berre vierkratt
Ifølge klimaforskarane vil snøen etter kvart bli nokså sparsam i dei norske fjella. Temperaturen skal auga gradvis, noko som vil få store følgjer for både dyr og menneskjer. Ein kan berre takka høgare makter for at ein ikkje er rype. Kvit kamuflasje og grønt underlag er ingen god kombinasjon. Samstundes er det allereie mogleg å leggja merke til heilt andre endringar. Dersom ein fjellvandrar frå førre hundretal hadde vakna til live igjen i dag, ville han truleg ha konkludert med at det hadde hendt ei nokså alvorleg ulykke. Kor har det blitt av livet i fjellet? Dei fleste stølane er ute av drift, og i dag står dei att som spøkelsesbyar. Menneskja har forsvunne. Når ein ser det slik, har ikkje fjellheimen blitt varmare. Det gjer meir meining å snakka om eit ugjestfritt kuldedrag.
No har dei gamle stølane sjølvsagt ikkje mista sin verdi. Dei mosegrodde steinmurane fortel om ei anna fortid, og dei må dermed reknast som viktige kulturskattar. Likevel vil det vera rimeleg å hevda at dei var meir betyingsfulle i gamle dagar. Som arbeidsplassar var dei med på å setja eit direkte preg på individet. I fjellet vart ein både sosialisert og utdanna. Ysting og mjølking er dømer på ferdigheiter som i dag tilhøyrer mindretalet, men som i gamle dagar var avgjerande for å overleva. Dessutan kan ein berre førestilla seg kor mykje kunnskap eit slikt liv gav om naturen. Både rype og røyskatt var nære naboar. Ein kan med andre ord snakka om stølane som produsentar av ballast. I tillegg er det grunn til å tru at dei på sett og vis må ha fungert som møteplassar. Her hadde dei einsame fjellvandrarane tilgong på mat, og ved grua var det mogleg å få tørka dei våte ullsokkane. Kanskje var ein til og med så heldig at ein møtte ei vakker budeie. I dag er det framleis mogleg å vandra over ”sollyse vidder”, men ein skal ha nokså mykje flaks for å koma over ein støl som faktisk er i bruk. For dei fleste blir nok løysinga å ta inn på ei av dei mange hyttene. Dette kan på ingen måte samanliknast med å besøkja ein aktiv arbeidsplass, og dermed lærer ein heller ikkje andre samfunnsgrupper like godt å kjenna. Ein vandrar og søv for seg sjølv, eller eventuelt saman med eit turfølgje.
Diverre kan ein ikkje utelukke at dei rotnande stølane berre er ein forsmak på kva det norske jordbruket generelt har i vente. Oslo fører ein politikk som gagnar småbjørka sine røter, noko som i våre dagar har byrja å setja sitt preg på sjølve gardane. Stadig større delar av den norske kulturmarka blir omgjort til skog. Endringane er valdsame, men dei blir overraskande lite debattert. Befolkninga blir heile tida skifta ut, noko som gjer at det einskilde mennesket berre har moglegheit til å oppleva ein bestemt epoke. Dermed mistar ein det lange perspektivet, og endringane fortonar seg meir eller mindre som daglegdagse. Truleg kan dette samanliknast med ein krabbe som blir kokt levande. Temperaturen aukar gradvis. Resultatet av dette er at krabben døyr utan å leggja merke til det.
